BUSKAP
30.03.2020
Ei masteroppgåve ved Norges Handelshøgskole har sett på kva som skal til for å lukkast med mjølkerobot.
Suksess med mjølkerobot var tittelen på ei masteroppgåve om mjølkerobot på Norges Handelshøyskole i haust, skriven av Caroline Tandberg Bugge og Pernille Kristine Skibrek, med rettleiing frå Tine. Dei nytta data Ruralis samla inn i Robotprosjektet på NMBU til å undersøkje kva som skal til for å lukkast med mjølkerobot. Til saman 739 bønder frå heile landet, 105 kvinner og 634 menn, svara på ei undersøking om korleis dei opplever arbeidskvardagen med robot. Middel buskapsstorleik i undersøkinga var 47,2 årskyr, og dei fleste hadde mellom 28 og 62 kyr. Suksess vart målt på fleire ulike måtar, ikkje berre som inntekt, men òg som opplevd jobbtrivsel, psykisk helse og balanse mellom familie og arbeid.
Kvinnelege bønder har lågare inntekt
Funna syner at kvinnelege bønder har lågare inntekt enn menn
Gå til medietKvinnelege bønder har lågare inntekt
Funna syner at kvinnelege bønder har lågare inntekt enn menn


































































































