Magasinet for fagorganiserte
02.09.2023
Sjå til Egersund! seier folk i Fellesforbundet. Der har dei tilsette og leiinga på Grand Hotell knekt koden for gode lokale forhandlingar som har gitt betre lønns- og arbeidsvilkår.
EGERSUND: Sola skin over «Okka By» ein times biltur sørover frå Stavanger, og det passar bra til ei solskinshistorie. På ærverdige Grand Hotell Egersund har dei nemleg lykkast med noko mange andre har slite med: Dei har fått lokale forhandlingar til å fungere.
Vi må spole tilbake til 2016. Hotell og restaurantar var i streik med steile frontar. Kravet var retten til lokale forhandlingar, noko mange håpa ville få opp lønna i låglønnsbransjen.
- Dette er ein fantastisk bransje, men det blir ikkje verdsett. Vi treng eit løft, vi tener dårleg i forhold til resten.
Det seier klubbleiar Wendy Andreassen. Ho har jobba på hotellet i Egersund i 15 år, som nattevakt i resepsjonen.
Fellesforbundet vann til slutt fram med kravet.
Seinare har dei lokale forhandlingane vore ein kontroversiell affære. Tillitsvalde og Fellesforbundet har skulda arbeidsgivarane for ikkje å føre reelle forhandlingar. Resultata av forhandlingane har mange stadar vore lite å skryte av.
Hotellet i Egersund blir derimot trekt fram som eit eksempel til etterfølging av tillitsvalde i Fellesforbundet.
BETRE OG BETRE FOR KVART ÅR
I 2017 skulle Wendy Andreassen sette seg ned til forhandlingar med hotelldirektøren for første gong, fortel ho.
- Vi visste ikkje heilt korleis det skulle gå føre seg. Men det har gått betre og betre for kva
Les opprinnelig artikkelVi må spole tilbake til 2016. Hotell og restaurantar var i streik med steile frontar. Kravet var retten til lokale forhandlingar, noko mange håpa ville få opp lønna i låglønnsbransjen.