Khrono
10.07.2021
Utdanningsinstitusjonane har eit ansvar for å skriva korrekt både på nynorsk og bokmål, seier Nina Refseth. Ho er styremedlem hos NTNU og styreleiar hos Det norske teateret.
20 universitet og høgskular klarar ikkje å oppfylla krava i Mållova, som slær fast at statlege organ skal nytta kvar av dei to norske målformene minst 25 prosent. Heller ikkje Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet eller Unit klarar dette. Konkret er det nynorskprosenten som er for låg.
Les mer- Norske utdanningsinstitusjonar har eit særskilt ansvar for norsk fagterminologi. Det er ikkje nok å seia at ein manglar kompetanse i nynorsk. Alle har hatt sidemålsopplæring, seier Nina Refseth.
Ho er direktør for Norsk Folkemuseum, styreleiar for Det norske teateret, har tidlegare vore direktør i Samlaget, og er nyleg oppnemnd som styremedlem ved NTNU for ein ny periode.
Meiner studentane må få møta språket sitt