Khrono
14.08.2023
Gå inn i di tid, redd verda. Og senk skuldrene. Sa rektoren, statsministeren, ordføraren og studentleiaren.
- Det er når vi drit oss ut, sånn skikkeleg, at vi også lærer. Kanskje er det derfor folk kallar studietida den beste i livet, fordi det er no vi har sjansen til å prøve og feile, og så prøve endå ein gong, sa studentleiar Kaja Ingdal Hovdenak, den yngste talaren på podiet under velkomstseremonien for studentane ved Universitetet i Bergen måndag.
Les merRektor Margareth Hagen oppmoda studentane om å «trosse været», men det vart ikkje nødvendig akkurat denne dagen.
Det var opplett.
Karakteren, ikkje karakterane
Nedbøren kjem tidsnok, og det er rikeleg med mørke skyer på horisonten for generasjonen av studentar som skal sette sitt stempel på samfunnsutviklinga fram til 2070-åra, som statsminister Jonas Gahr Støre sa i sin tale:


































































































