Fagbladet
15.04.2020
Også permitterte som ikkje har krav på dagpengar, får 18 dagar lønnskompensasjon frå Nav. Permitterte arbeidstakarar under utdanning eller over 67 år, har ikkje krav på dagpengar.
Regjeringas nye reglar for den mellombelse lønnskompensasjons-ordninga, omfattar likevel desse gruppene.
Les mer- Vi er veldig glad for at studentar også blir inkludert. Veldig mange er bekymra for den økonomiske situasjonen sin no, seier Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til FriFagbevegelse.
- Eit viktig steg på vegen, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.
20 dagar full lønn
20. mars vedtok Stortinget at permitterte skulle få ein lønnskompensasjon tilsvarande 18 dagar full lønn, samtidig som dei reduserte perioden arbeidsgivar skal betale full lønn frå 15 til 2 dagar. Formålet er å gi økonomisk hjelp frå staten, til både bedrifter og


































































































