No har høyringssvara begynt å komme inn og ein kan lese i Universitetsavisa at mellom anna NTNU, UiT og NHH er i mot å gi studentane denne retten.
Saka kunne vore unngått dersom departementet hadde tolka klageretten i universitets- og høgskulelova riktig. Det er nemlig ikkje slik som departementet påstår; at studentane ikkje har individuell klagerett. Dei har allereie det.
I alle høve er det i dag altså slik at kandidatane har einskild klagerett på gruppe-eksamen. Sindre Dueland Studentombod, Høgskulen på Vestlandet
Stortinget vedtok i 1967 ei lov som er kalla forvaltningslova. Denne lova gjeld heile forvaltninga. Òg universitets- og høgskulesektoren. Då lova blei vedtatt var universitetsmynda ueinig i at denne lova skulle gjelde dei.
Stortinget, dei demokratisk folkevalde,


































































































