Dette var konklusjonen i ein rapport frå i vinter, som Språkrådet hadde bestilt. Rapporten førte igjen til at statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel har sett i gang eit arbeid som skal føra til ein eigen handlingsplan for norsk fagspråk. Handlingsplanen er ikkje offentleggjort endå.
- Rapporten seier meir i detalj om det me allereie har fått eit inntrykk av: Bruk av engelsk skjer først og fremst i publisering av vitskaplege tekstar, men òg i urovekkande grad i undervisning, sa Hoel under eit frukostmøte i januar.
Fredag inviterer Khrono, Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum til debatt med tittelen «Går det an å ha eit norsk fagspråk?».
- Sjølvsagt går det an, seier Anders Ulstein.
90 prosent engelsk pensum
Ulstein er universitetslektor ved NTNU i Ålesund, og nestleiar for utdanning ved Institutt for IKT og realfag ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk. Han har òg vore med i arbeidsgruppa som har jobba fram nye retningslinjer for språkbruk hos NTNU.
Når Ulstein svarar «ja» på at det er mogleg å ha eit norsk fagspråk, grunngir han dette på følgjande vis:
- All undervisning på bachelornivå er på norsk, og ein snakkar norsk og skriv norsk, i all hovudsak.
- Kva med pensum?
- Svært mykje av pensum i STEM-faga er engelsk. Det er dei fordi det er dyre produksjonar, det er tjukke lærebøker, og dei må reviderast ofte. Den norske marknaden er nok for liten for slike bøker.
STEM-faga er ei forkorting for Science, Technology, Engineering og Mathematics. Men Ulstein peikar på at ein trass alt nyttar mange norske omgrep innan det teknologiske fagfeltet.
- Eg synest det terminologiarbeidet som har vorte gjo