Khrono
30.12.2018
Stortinget må endra lov om studentsamskipnader, slik at studentsamskipnadane vert underlagt mållova som nasjonale statsorgan, skriv Fredrik Hope og Åsmund Kvifte i Målungdommen.
For å vera trygg i språket ditt, må du sjå det i bruk gjennom heile livet.
Les merDet er mange tusen nynorskbrukande studentar ved norske universitet og høgskular, og dei ser for lite nynorsk i kvardagen. Mange av dei byter difor til bokmål i studietida. Å få studentsamskipnadane til å fylgja mållova er eit tiltak som vil gjera nynorsk synlegare på høgskular og universitet, og som truleg vil gjera at fleire held på nynorsken.
Ei lita endring i studentsamskipnadslova

































































































