Å ta høgare utdanning inneber forandring og forventning. For mange betyr det ny stad, heim, land, nye folk, rammer, system og rutinar. Uansett situasjon er dette ein periode av livet som vil utfordra og vera med på å forma studentane på deira reise gjennom livet.
Studentane har både rike og utfordrande dagar. Ein skal tileigna seg omfattande kunnskapar og ferdigheiter, og ein skal vera sjølvstendig student i samspel med andre studentar. Eit godt studentmiljø fordrar fagleg, sosialt og demokratisk engasjement. Deltaking i studentlag- og foreiningar gir felles styrke. Ein blir ein kjend med nye menneske. Ein får rik tilgang på nye impulsar, kunnskap og spennande perspektiv.
Men me veit at det stundom kan vera krevjande å studera. Studentar har gjennom nasjonale undersøkingar meldt tilbake om både einsemd og p


































































































