Fusk må det normalt reagerast strengt mot for å sikre tilliten til institusjonane. Dette heng saman med lovkravet om at «kunnskapar og ferdigheiter» skal prøvast på ein «fagleg betryggende måte», jf. universitets- og høgskuleloven (UHL.) § 3-9 (1). Høgsterett omtaler dét som føremålet med eksamen.
Bruk av ulovlege hjelpemiddel, ulovleg samarbeid og plagiat (av andre) blir då naturleg å omtale som kjernen i lova sitt fuskeomgrep.
Ved gjenbruk av eigen tekst utan å opplyse om det («selvplagiat»), er problemstillinga nødvendigvis ei anna. Her er det ikkje tvil om at studenten har den kunnskap og dei ferdigheiter oppgåvesvaret gjev uttrykk for. Tillitsomsynet kjem då ikkje inn med same styrke.
Kva som er «fusk» på eksamen, er ikkje definert i lova. Institusjonane er i § 3-9 (7) gjeve rom for å bestemme dette gjennom lokale reglar. Men fridomen er ikkje total. Høgsterett har peikt på at det er «ein viss fridom» institusjonane har, og har aldri vurdert problemstillinga med gjenbruk særskilt.
Lovførearbeida er lite til hjelp. Fuskeomgrepet er ikkje drøfta der, knapt nemnt. Det gjeld også om vi utvidar søket til eldre lovgjeving som dagens lov er meint å byggje vidare på.


































































































