journalist, På Høyden
Året er 1765. Både fisket og jordbruket sviktar. Folk svelt. Det er uår. Tre år tidlegare blei ei tung økonomisk bør lagt på skuldrene til alle innbyggarar over 12 år.
Dei måtte betala ein ekstraskatt til Kongen på ein riksdalar. For fattigfolket var den like høg som alle andre skattar til saman.
- Grunna sjuårskrigen i Europa måtte Kong Fredrik den femte setta inn ekstra nøytralitetsvernstyrkar for å kunna forsvara landet i tilfelle krig. Han hadde stor utanlandsgjeld, og trong pengar i statskassa. I tillegg brukte han mykje pengar på festlegheiter, seier Bjørn-Arvid Bagge.
Han er universitetsbibliotekar ved spesialsamlingane til Universitetsbiblioteket i Bergen. Saman med førstekonsulent ved Statsarkivet i Bergen, Gina Dahl, har han nyleg gitt ut boka Strilekrigen i 1765: Om ville strilar og rabiate bergensarar. Her tar dei for seg opprøret som kom i kjølvatnet av ekstraskatten.
Nytt bilde av historia
Stiftamtmann Ulrik Fredrik von Cicignon var den øvste sivile embetsmannen på Vestlandet. Han var kongen sin trufaste tjenar og skulle sørga for at statsmaskineriet fungerte. (Foto: Wikimedia)
Skatten skapte harme hjå det svoltne folket. Det har vore skrive ein del om opprøret før, men no er nye kjelder tatt i bruk
- Me har blant anna utgåande brev som den øvste kommanderande på Vestlandet, stiftamtmannen Cicignon, skreiv til sentralmakta i København, og fogdene i distrikta. Her får me veta dag for dag kvar som skjedde, seier Dahl.


































































































