BUSKAP
24.02.2023
Hele 45 prosent av landarealet vårt er nyttbart beite. Storfe har større trakkeffekt enn sauen og et grovare planter. Derfor er viktig at storfe er til stades i utmarka skal vi greie å ta vare på dei frodigaste beita.
Utmarksbeite kan spare mange rundballar og dyrka jord kan prioriterast til vinterfôr. Gratisfôret i utmark har vorte enda meir aktuelt siste året med den dramatiske auken som har vore for dei fleste innsatsfaktorar i landbruket. Men verdien av å ha dyr i utmarka kan ikkje målast berre i pengar. God dyrehelse, god dyrevelferd og eit bortimot økologisk sluttprodukt er òg viktig. Beitedyr etterlet seg òg to andre «produkt» kulturlandskap og eit særeige biologisk mangfald.
Stabil tal storfe på utmarksbeite
Storfetalet i utmark har vore nokolunde stabilt dei siste tretti åra, men litt aukande siste åra. I alt 263 000 storfe fekk produksjonstilskot for meir enn fem veker på utmarksbeite i 2022. Før i tida var mjølkeproduksjon knytt til seterdrift viktigaste formålet med å ha storfe i utmark. Dette er det ikkje mykje av lenger, men sinkyr er det mange som sender i utmark saman med ungdyr og kviger før kalving. Auken i storfetalet i utmark no skuldast eit aukande tal ammekyr der stadig fleire ser at utmark er eit godt fôralternativ for kjøtproduksjon.
Det ligg føre lite produksjonsundersøkingar frå ammekyr på utmarksbeite. Frå skogsbeite av middels kvalitet i Stange fann Morten Tofastrud ved Høgskolen Innlandet tilvekstar kring 900 gram per dag på vårfødt kalv. Det er mest like bra som på innmark. Resultata viser stor variasjon mellom dyr. Dette kan tyde på at det ved avl kan gjerast mykje for å
Gå til medietStabil tal storfe på utmarksbeite