No er stolen vekke.
I helga var nokon inne på kontoret hennar og på andre kontor på norskseksjonen ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking - og fjerna både stolar og bord.
- I jobbar som våre er grensene for arbeidsliv og fritid ofte utviska, og mange brukar mykje tid på kontoret. Ein ønskjer difor å ha det litt hyggelig der. Nokre har teke med ein lenestol eller eit bord, andre har hatt eigne kontorstolar. Men leiinga vil at me skal ta vekk alt som viser kven som brukar kontora, seier Johnsrud.
Skal sjå på kontorstrukturen
Saka handlar sjølvsagt om meir enn stolar og bord - det handlar om arealbruk.
- Det er fatta eit vedtak om at ein skal dela arbeidsplassar i større grad. Me kan ikkje auka arealet. Samstundes står mange kontorplassar ledige gjennom døgeret, så det er både samfunnsmessig og berekraftig riktig å dela, seier Endre Laastad.
Han er avdelingsleiar ved Avdeling for arealforvaltning, drift og utvikling, og viser vidare til høgskuleleiinga når det gjeld spørsmål om dei prinsipielle vedtaka som er fatta.
I 5.etasje i bygget som vert kalla K1 er dei tilsette opprørte. Ellen Birgitte Johnsrud seier at dei i dag har eigne cellekontor og namneskilt utanfor døra. Dette har dei fått beskjed om at skal vekk. I staden skal det setjast i gang ein prosess til hausten der ein skal sjå på kontorstrukturen.
- Det er sagt at me ikkje skal ha større underdekning enn ti prosent. Men me har allereie fleire kollegaer som sit i Fabrikkgaten, fordi det ikkje er pl


































































































