Det seier Camilla Gjellebæk. Ho er stipendiat ved Høgskolen i Østfold og har fram til nyleg leia stipendiatforeininga der.
Saman med Helene Ingierd, direktør for dei nasjonale, forskingsetiske komiteane, og førsteamanuensis Leonora Onarheim Bergsjø frå Høgskolen i Østfold sit Gjellebæk i panelet når høgskulen og Khrono arrangerer panelsamtale 27. september. Tema: Korleis sikra god nok rettleiing?
Panelsamtalen ser du her frå klokka 12.30 onsdag.
Rettleiar langt unna
Tal frå HK-dir viser at det er om lag 150 stipendiatar i Noreg som er i eit løp der dei tek doktorgrad ved ein annan institusjon enn der dei er tilsett. Flest er det ved dei institusjonane som ikkje har, eller som har få, eigne doktorgradsprogram.
I 2020 var det over 70 nye doctores som hadde vore tilsett ved eit anna universitet eller høgskule enn der dei fekk doktorgrad. Dei siste åra har det vore i overkant av 30. Om lag like mange vert tekne opp