Jordbruket står åleine for 2,7 milliardar i verdiskaping.
- Det er opp 90 millionar kroner i høve til 2010, seier seniorforskar Heidi Knutsen frå Nibio.
Verdiskapinga for den landbruksbaserte industrien i fylket, som er avhengig av primærproduksjonen, er estimert til 2,5 milliardar kroner.
Samla verdiskaping for jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og landbruksbasert industri i Rogaland, var 5,6 milliardar kroner i 2014, det er opp 0,8 milliardar i høve til 2013.
På fylkestoppen- Sterke tal, stadfestar Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.
Nibio har utført nye berekningar og samanliknar i ein ny rapport, på oppdrag av Rogaland Bondelag, tal frå 2010 og 2014.
Rogaland ligg på fylkestoppen med 2,7 milliardar kroner, med Nord-Trøndelag som nummer to med 1,6 milliardar.
I følgje tala frå Nibio, vil Rogaland framleis vera det største landbruks


































































































