Det har vore stor auke i talet på studentar i yrkesfagleg utdanning dei siste åra. Sidan 2018 har talet auka med om lag 70 prosent. I 2022 var det 28 000 studentar i sektoren, og over 10 000 vart uteksaminerte, står det i ei pressemelding frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Dei lanserte torsdag Tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning med oppdaterte tal for 2022.
- Positivt
- Det er positivt at veksten og utviklinga i sektoren fortset. Det er også positivt at studiepoengproduksjonen har gått såpass opp. Det er fint at rapporten viser det same inntrykket vi har, seier Thea Tuset, leiar av Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter (ONF).
Thea Tuset har vore aktiv i ONF sidan 2018. Dei registrerer at fleire studentar tek kontakt og at dei får meir merksemd når de formidlar bodskapen til andre. Tuset ser også at den politiske satsinga på fagsk


































































































