Utdanning
06.10.2023
Ylva er fem år og går siste året i barnehagen. Nå gler ho seg over fadderansvaret ho har fått for Synne (3).
- I fjor var Mie min fadder. Men ho har byrja på skulen nå, sier Ylva, fem år.
Neste haust skal ho også starte der. Men først er det hennar tur til å steppa opp og ta fadderansvar for eit yngre barn.
Amanda Barnehage i Haugesund har gjennom fleire år praktisert ei fadderordning i avdelinga for dei eldste barna.
I avdelinga Måkeslottet, som har 19 barn mellom tre og seks år, ligg det ei forventing i lufta mellom dei eldste barna, dei som er medvitne om at skulen ventar om eitt år der framme.
Men før dei kjem så langt, er det mange som gler seg over at dei nyleg blei tildelt fadderansvar for dei yngste og nye barna i avdelinga.
Heilt nye og framande for einannan vil fadder og fadderbarn likevel ikkje vera. Døra mellom avdelinga for store barn og naboavdelinga for dei yngste barna er ofte open, slik at litt kjennskap og vennskap er blitt utveksla. Dessutan er det ofte søsken i kvar si avdeling, som iblant treng kontakt og støtte hos einannan.
Fadderordning og seremoni
Mellom ymse oppslag og plakatar på tavla i avdelinga for store barn, heng det ei liste som heiter «Fadderordning». I kolonna til venstre står haustens vekenummer, til høgre står namna på fadrar og fadderbarn.
Ein av dei tre vaksne ved avdelinga, Cathrine Aase, som er barne- og ungdomsarbeidar, fortel at lista på veggen viser kven som er utpeika til kjøkenhjelparar dei næraste vekene.
- Me har ei ordning med fadrar, som i samarbeid med sitt fadderbarn hjelper til med å førebu eit av dagens måltid, seier Aase.
Då alle barna var tilbake etter
Gå til medietNeste haust skal ho også starte der. Men først er det hennar tur til å steppa opp og ta fadderansvar for eit yngre barn.