Khrono
11.07.2023
Utlysing av 175 millionar til samarbeid og studentutveksling med land i Asia, Afrika og Latin-Amerika blir lagt på is.
Utlysinga gjennom Partnarskapsprogram for globalt samarbeid (Norpart) er fjerna og utsett til våren 2024, er meldinga i brev som er sendt norske universitet og høgskular frå HK-dir. (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), som administrerer programmet.
Les merGrunnen til utsetjinga, står det ingenting om. Det provoserer mellom andre rektor ved Universitet i Oslo (UiO), Svein Stølen.
- Dette er å dille med folks arbeidstid. Det blir lagt ned ein stor arbeidsinnsats i søknadene. Vi har eit krav på å vite kvifor dette skjer, seier han til Khrono.
Han får følgje av rektorkollega ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen:
- Det er svært uheldig at dette skjer heilt utan dialog på førehand. Det kom veldig brått på. Mange har allereie investert tid i søknadsarbeidet, seier ho.
Norpart-programmet er oppretta for å støtte langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsi


































































































