AddToAny

Stamcelleforskar: - Vi dyrkar ikkje menneske

Kristin S. Grønli Ei rekke forskarmiljø i utlandet vil dyrke menneske-embryo på laboratoriet i meir enn 14 dagar. Fram til no har dette vore ei definitiv grense.
I fleire tiår har forskarar verda over vore samde om å aldri la menneske-embryo utvikle seg i meir enn to veker på laboratoriet. I fleire land, inkludert Noreg, er 14-dagarsregelen del av lovverket.

Den internasjonale foreininga for stamcelleforsking (ISSCR) utviklar etiske retningslinjer for feltet. I mai i år fjerna dei 14-dagarsregelen. Inga ny grense blei lagd inn. Kor lenge det er greitt å dyrke embryo, bør vere opp til aktørane som gjennomfører den etiske godkjenninga av prosjekta, meiner ISSCR.

Første rapport om dyrking av embryo i meir enn 14 dagar er allereie ute. I tidsskriftet Nature 17. november viser ei gruppe frå Storbritannia og Tyskland korleis dei heldt eit embryo i live til eit stadium som svarar til 16-19 dagar etter befruktning.

Endringa har skapt debatt, og meiningane er delte.

ISSCR er eit sterkt organ. Lovverk og reguleringar varierer veldig frå land til land, og foreininga har fått stadig større tyngde når det gjeld etiske spørsmål rundt forsking på embryo.

- Det er ingen automatikk i at anbefalingar frå ISSCR blir til lovverk i Noreg, men ISSCR gir råd mange lyttar til. I land der denne grensa på 14 dagar ikkje er regulert ved lov, som i USA, er det sannsynleg at anbefalingane vil føre til endringar i kor lenge ein forskar på embryo, seier Stine Hufthammer Indrelid, seniorrådgjevar i Bioteknologirådet.

I Noreg er det nesten ingen forskarar som jobbar med menneske-embryo på laboratoriet (sjå undersak). For å skjøne kva som eigentleg har skjedd, må vi til utlandet.

Vil løyse etiske problem

Nicolas Rivron leier ei forskargruppe i Austerrike. I 2018 var gruppa først ute med å lage eit blastoid. Dei brukte musestamceller som utgangspunkt.

Ordet «blastoid» peikar på ordet «blastocyst», eit veldig tidleg stadium av pattedyr-embryo. For mus blir blastocysten danna etter tre til fire dagar etter befruktninga, for menneske fire til fem dagar. Endinga -oid stammar frå gresk og betyr «noko som liknar». Noko som liknar på ein blastocyst, altså. Vi kjem tilbake til det.

- Diskusjonane om 14-dagarsregelen får ikkje fram at endringa er del av løysinga på dei etiske problema ved forsking på embryo, seier Rivron. Han arbeider ved Institute of Molecular Biotechnology ved Austrian Academy of Sciences.

Assistert befruktning

Prøverørsbehandling, eller assistert befruktning (IVF), som det heiter i dag, dukka opp på 1970-talet. Dette var kontroversielt i starten. Mange hadde vanskeleg for å godta at forskarar og behandlarar skulle manipulere sjølve spiren til mennesket i labskåler.

Trass i at det første prøverørsbarnet her i landet kom til verda i 1983, hadde vi forbod mot forsking på embryo heilt fram til 2008.

Den norske helsetenesta sitt tilbod om assistert befrukting hadde altså

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt