Fordi garden på Hovsherad ligg 370 meter over havet, må Korsbø vanlegvis ha lamma inne til rundt 5. mai. Derfor har han valt å ikkje ha for tidleg lamming. Samstundes kan han ikkje vente for lenge med å sleppe sauene på heia.
- Eg har snautt 200 vinterfôra sauer og byrjar å blande inn litt maxammonbehandla kross ei god veke før lamming. Lamminga starta 15. april, og i år var ho ferdig på 18 dagar. Eg har lamma inne i to-tre veker før eg slepp dei ut på innmarksbeite. Der går dei i tre-fire veker før eg slepp dei på heia. Normalt skjer det 1. juni, men i år var våren så tidleg, at dei første dyra blei slopne på heia ei veke før, fortel han.
INGEN LAUSE MAGARFordi lamma bør vere best mogleg rusta til å klare seg på heia, er det avgjerande at dei veks