NTL-magasinet
22.02.2017
Medan folk kuttar opp bildekk og demonstrerer i raseri mot ulv, leitar Erik Ola Helstad fra Statens naturoppsyn tolmodig etter ulvane han skal bedøve, merke og sette fri igjen.
Ein vanleg dag på jobben for naturoppsyn Erik Ola Helstad og kollegaene hans består i å spore opp ville ulvar, radiomerke dei og passe på når rovdyra vaknar opp og ravar rundt som om dei var svært fulle.
- Eg trur vi må ha verdas beste kontor og eg ville ikkje ha bytta det med noko, fortel oppsynsmannen.
Han ser ut over skogane. Himmelen er blå, det knirkar under skoa når du går og snøen dekker den djupe barskogen ein stad nord for Rena. Det einaste du høyrer er stillheit og ro. Snart vil stillheita vere bytta ut med lyden av rotorblad og spraking av radiosamtalar. Ferske spor i snøen viser at vi er få minutt unna fem ulvar som gøymer seg ein stad mindre enn ein kilometer unna inne blant dei snødekka trea.
Sindig i stormen. NTL-medlem Erik Ola Helstad og kolleagaene havna plutseleg midt i stormens auge då ulvedebatten eksploderte. Det har vore demonstrasjonar foran Stortinget og folk har meldt seg ut av parti i protest. Meiningane og følelsane er mange når det kjem til ulv. Det får også dei som jobbar i forvaltninga merke. Medan LO Media var med Statens naturoppsyn på reportasjetur, fekk kollegaer ein annan stad på Austlandet som også jobba med radiomerking av ulv, dekka på bilen kutta opp. Helstad og arbeidskammeratane tek debatten med fatning:
- Ein skal aldri
Les opprinnelig artikkel- Eg trur vi må ha verdas beste kontor og eg ville ikkje ha bytta det med noko, fortel oppsynsmannen.