Khrono
10.04.2023
Skiljet mellom jobb og fritid vart mindre, men Kim Arne Heitmann har aldri angra på at han gjekk i gang med doktorgrad.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Eg har fast stilling på Idrettshøgskolen ved UiT Norgs arktiske universitet i Tromsø, og ein kollega hadde fått finansiering til eit prosjekt der det òg var pengar til ei stipendiatstilling. Eg har alltid vore interessert i korleis trening verkar på kroppen. I tillegg ønskte eg å utvikla den forskingsfaglege kompetansen min, difor valde eg å søkja denne stillinga.
- Kan du kort presentera prosjektet ditt?
- Ein veit lite om korleis hjarta vert påverka av moderate mengder trening. Det eg har forska på, er korleis fysisk aktivitet påverkar hjarta og sjansen for å få atrieflimmer. Me har brukt data frå Tromsøundersøkelsen