Medan Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) etterspør ein språkpolitikk ved Universitetet i Bergen (UiB), legg Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, vekt på at internasjonaliseringa krev auka bruk av engelsk og at også det språklege mangfaldet er ein styrke. Det bør det ikkje vere tvil om. Likevel er det viktig å understreke at for at språket skal verte ein styrke, så lyt ein meistre det.
Studentar med låg språkleg sjølvtillit i engelsk hadde sjeldnare planar om å reise på utveksling. Trude Bukve Høgskulelektor og stipendiat
Eg har ein fot i begge utdanningsinstitusjonane. Eg er tilsett ved HVL, og har dei siste åra arbeidd med doktorgraden min ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB. Fokuset i avhandlinga mi har vore korleis studentar opplever språket dei møter i løpet av utdanninga.
Verken Arnestad eller Olsen brukar mykje tid i sine innlegg på studentane sine møte med språke

































































































