AddToAny

Slik gjekk det til at ein legomann hamna i Antarktis

- Eg tek forskinga mi seriøst, men eg tek ikkje meg sjølv så høgtideleg, seier Svein Østerhus. Møt forskarar som formidlar på ein ny måte.
Dersom Svein Østerhus ser blod på snøen i Antarktis, veit han at han skal halda avstand. Faren er stor for at ein leopardsel er i området - eit dyr som kan verta tre meter langt og 400 kilo.

Og faren er reell. Kort tid etter at Østerhus besøkte den britiske forskingsstasjonen Rothera i 2003, vart ein kvinneleg biolog drepen av ein leopardsel.

Men å kunne fortelja om leopardselar, eller om dinosaurar og andre spanande dyr, det er ein fordel når ein vil formidla forskinga si til komande generasjonar.

Alternativt kan ein ta på seg ein hatt.

Fekk ein million frå Forskingsrådet

Det er det Østerhus har gjort i dag. Han møter Khrono ein septemberdag i Bergen.

- Eg skal formidla, så då har eg teke hatten på, seier seniorforskaren ved Norce i Bergen.

For eit par år sidan fekk han og Gunn Janne Myrseth, som er senior kommunikasjonsrådgivar, midlar gjennom Forskingsrådet si Forsterk-ordning. Målet med ordninga, som ikkje finst lenger, var å forsterka norske verknader av Horisont 2020 og Horisont Europa-prosjekt.

Millionen Norce fekk, gjekk mellom anna til å framstilla forskaren i teikneserieformat. Med hatt.

Under Arendalsuka i år vart teikneserien «Antarktis og oss» første gong presentert.

- Det er veldig sjeldan ein deler kunnskap utanfor tunnelen, seier Myrseth.

For å formidla kunnskapen frå prosjektet Søris, har ein brukt både film, teikneserie og vore i skuleklassar. I teikneserien møter ein, altså i tillegg til ein forskar med hatt, dinosaurar og teikneserieskaparen sjølv i ein pingvin-suit.

Gav først ut bok

Serieskaparen, det er Øystein Runde. Han skreiv i Klassekampen at Cecilie Gjerde burde vore kjendis.

- I ein lab i Bergen skjer det ting som kan få superheltfilmar til å bleikne, skreiv han.

Cecilie Gjerde er no førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen, og vann i 2015 Forsker Grand Prix. Gjerde forskar på stamceller, og viste i formidlingskonkurransen korleis stamceller frå kroppen kan nyttast til å laga nytt kjevebein.

- Eg fekk koma på besøk og sjå laboratoriet, og så vart det samarbeid om ei bok, seier Runde.

I 2017 ko

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt