Ei pirrande lukt med lovnad om god mat brer seg på det vesle kjøkenet på avdeling 1 ved Gaupne omsorgssenter. Rykande heit fiskesuppe og rundstykke er på veg til Birger Moene, og han smiler nøgd. Den varme lunsjen midt på dagen fell kortidspasienten i smak på meir enn ein måte.
- Dette er heilt topp og passar meg mykje betre, seier Moene om den nyinnførte lunsjen klokka 13. Lunsjmenyen består av suppe, som i dag, andre dagar kan det vera ulike typar graut eller eit tradisjonelt brødmåltid med litt ekstra godt pålegg.
I februar la nemleg omsorgssenteret i Sogn og Fjordane om måltidrytmen. Før var det middagen som vart servert klokka 13, no kjem den på bordet klokka 15.30. Men til gjengjeld er det innført lunsj mellom frukost og middag.
(Artikkelen fortsetter under biletet)
SUNNARE: Kjøkkensjef Svein Tore Heltne meinar pasientane får ein betre måltidsrytme med innføring av lunsj midt på dagen, og middag klokka 15.30.
Eivind Senneset
- Det er ikke greit å servere middag klokka 13 hvis pasienten spiser frokost klokka 11
Innførte


































































































