Etter å ha gått gjennom eit trettenårig skuleløp må vi kunne forvente at alle kjem ut frå skulen som danna menneske. Men så snart ein går laus på å beskrive kva som skal til for å vere eit danna menneske, vil sprikande syn kome fram. Mange vil meine at ein person vil falle gjennom dersom ein ikkje kjenner noko skrive av den og den forfattaren. Eller ikkje har eit forhold til den og den musikken. Lista kan gjerast lang over dei felt eit danna menneske bør ha eit forhold til. Men kan ein vere eit danna menneske utan å kjenne noko til kunnskap innanfor naturvitskapane?
Kva forståingsramme?
I 1739 fekk Noreg si første skulelov med faga kristendom, lesing, skriving og rekning. Kyrkja og prestane hadde overoppsyn. Forståingsramma for tilværet med Gud, skaping og dommedag var lenge så godt som einerådande. Men opposisjon voks fram. Arne Garborg debuterte med boka Ein fritenkjar i 1878. Tittelen signaliserte ei farleg tenking: retten til sjølv å velje tru og tanke, og boka vekte forarging hjå mange danna menneske som tenkte rette tankar. Med kvart har Stortinget teke frå kyrkja retten til å bestemme over innhaldet i skulen. I vår tid står retten til trusfridomen for kvart menneske støtt i Noreg. Skulen skal lære oss alle om religion, og sjølvsagt om kristendom, som er ein så stor del av norsk historie og kultur. Men kyrkja skal ikkje lenger bestemme forståingsramma skulen skal formidle for alt som er til?
På vitskapeleg grunn
Sjølv om vitskapen kanskje har funne fram til samanhengar som vil verte ståande til all tid, er de


































































































