AddToAny

Skrifta på veggen

I 2003 tok Anders Johansen til orde for ambisiøs og personleg skriving i akademia. To tiår seinare ser det ikkje så lyst ut.
Kva fortel det om den akademiske kulturen når det blir avdekt omfattande plagiat i masteroppgåvene til statsrådar? Kva skjer med skriftkulturen når datamaskinene kan lage avhandlingar for oss? Og kva gjer det med tenkinga vår om vi mistar evna til å lese komplekse tekstar?
Anders Johansen er godt skikka for å snakke om desse emna. Som professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen tidleg på 2000-talet retta han for alvor merksemda mot arbeidsreiskapen sin. «Å skrive er å tenke», skreiv han i boka Samtalens tynne tråd frå 2003. Han skildra skrivearbeidet som sjølve essensen i vitskapleg arbeid, i alle fall i humaniora og samfunnsfag. Skrift er ikkje berre formidling av innsikt, det er i skrivinga vi vinn ny innsikt. Men dette var i stor grad oversett: «Metodelitteraturen berører ikke spørsmålet om hva som skjer når vi skriver», skreiv han.
- Det er ikkje slik at vi først finn ut noko og så skriv det ned. Når vi famlar etter orda, er det ein måte å presse fram forståing på. Vi tenkjer dei nye tankane i sjølve arbeidet med språket, seier Johansen, som sjølv er anerkjend som forfattar: 2008 fekk han språkprisen frå Språkrådet, og i 2020 fekk Komme til orde Kritikerprisen som beste sakprosabok.
Personleg skrift
I 2010 vart Anders Johansen professor i sakprosastudiar, i dag er han 71 år og emeritus.
- I akademia har neppe skrivekunsten fått betre vilkår dei siste 20 åra? - Eg vart møtt med interesse etter at Samtalens tynne tråd kom ut, og har opp gjennom åra fått ein god del invitasjonar til å halde foredrag om det å skrive. Men at dette er ein viktig del av det vitskaplege arbeidet, er nok underbelyst enno, ja.
I Samtalens tynne tråd tok Johansen til orde for personleg, konkret og stilmedviten skriving som ein måte å kome tettare på problemstillingane og røyndomen på. Men norske forskarar har hatt sterke insentiv for å skrive heilt annleis. Teljekantsystemet frå 2006 premierte publisering på engelsk i internasjonale tidsskrift. Same år var Johansen med på å starte eit professoropprop mot teljekantane.
- Vi som laga oppropet, uroa oss over at forskarar nærast vart pressa til å skrive på engelsk. Når vi ikkje skriv på morsmålet, blir vi fattigare på språklege og intellektuelle ressursar. Ein av våre beste samfunnsvitarar har sagt at han berre har 80 prosent av kapasiteten sin når han skriv
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 10.06.2024
Nav dyttar ofte folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei. Det seier forskar Sara Hofmann, som heller kaldt vatn i blodet på teknologioptimistane.
Forskerforum 10.06.2024
Forskerforum 10.06.2024
Skadelig påvirkning på nett utøves av både fremmede stater og rent kommersielle aktører. Det er et kaos, sier Eskil Grendahl Sivertsen.
Forskerforum 10.06.2024
Å tenke høyt sammen med en håndverker mens hånden stryker over stålplatene på et gammelt skipsskrog, det er forskning for Håkon Sandåker.
Forskerforum 10.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt