Forskerforum
05.04.2016

Asylbarn deltek lite i dei formelle samtalane med barnevernet. Irmelin Kjelaas ønskjer å gje desse barna ei stemme.
Har du noko du vil spørje om? Miljøarbeidaren gjer teikn til å rydde saman papira sine. Då seier Maria:
- Eg lurer på om nokon kan sove saman med meg om natta, slik at ikkje nokon kan kome inn og gjere slemme ting med meg? - Nei, det kan vi ikkje, svarar miljøarbeidaren.
Denne situasjonen er skildra i doktoravhandlinga til Irmelin Kjelaas, som nyleg disputerte for doktorgraden i språkvitskap ved NTNU. Avhandlinga har tittelen «Barns deltakelse i institusjonelle samtaler. En studie av samtaler mellom enslige asylbarn og miljøarbeidere på omsorgssenter». Eitt av funna er at einslege asylbarn er ekstremt lite deltakande i dei formelle samtalane med profesjonelle miljøarbeidarar i barnevernet.
- Ofte er samtalane nærmast einvegssamtalar, der responsen frå barnet er minimal. Og når barnet sjølv tek initiativet, blir det dei seier, ofte ikkje følgt opp, seier Kjelaas.
Ho har undervist ved lærarutdanninga, og har alltid hatt stor interesse for minoritetsetniske barn, både i utdanningssystemet og hjelpepapparatet.
- Det store engasjementet mitt for asylbarna var nok ein sterk motivasjon for valet av doktorgradsprosjekt, seier ho.
Som stipendiat ved tidlegare Høgskolen i Telemark vart Kjelaas kjend for si forskingsformidling i Forsker Grand Prix, der ho kom til finalen. Det sterke engasjementet for formidling og for retten til å bruke norsk som akademisk språk har gjort henne synleg i debatten, blant anna i Forskerforum.
Mekanisk skjemabruk
I doktorgradsprosjektet har ho analysert samtalar mellom mindreårige asylbarn og miljøarbeidarar i det statlege barnvernet, Bufetat. I perioden 20ı0-20ıı oppheldt ho seg mykje på eit omsorgssenter med b
Gå til mediet- Eg lurer på om nokon kan sove saman med meg om natta, slik at ikkje nokon kan kome inn og gjere slemme ting med meg? - Nei, det kan vi ikkje, svarar miljøarbeidaren.