Ein situasjon tolkast subjektivt. Menneskjer dansar på dansegolvet. To meir enn andre. Det går over til samtale i form av å stå tett og snakke inn i øyre for ikkje å bli overdøyvd av musikken. Ein liknande hending nokre år tilbake i tid, til ein fest der ein 3. klassestudent og ein lærar dansa saman. Den djupe samtalen på dansegolvet fortsette på vegen heim frå festen og inn ei dør. Det var kjærleik. Affæren forsette medan lærar var rettleiar for studenten. Undervisningsløpet i arkitektur krev mykje av alle involverte partar og forelskelse oppstår lett - uavhengig av sosial status.
Det oppstår støtt og stadig små rom som er vanskelig å forhalda seg til. Dei kjem til syne i konflikt mellom subjektiv fascinasjon og overordna moral. Det er rom som opnar opp for handlingar og interaksjonar i gråsona mellom rett og galt. Det er vanskeleg å navigere i situasjonen som oppstår mellom to. Når har ein gått for langt og når balanserer ein på grensa?
Eg finn det sjølv vanskeleg å skrive denne teksten, og eg spør meg sjølv om eg


































































































