Bondebladet
26.05.2016
Vil ha på plass eit tilpassa toppkompetent rådgjevingsapparat. Dette er etterlengta. Me skal få til det som Tine og Norsvin har hatt på ku og gris i årevis, topp rådgjeving.
Det betyr gode høve til å styrka totaløkonomien i sauehaldet, seier Bjørn Høyland, leiar i Rogaland sau og Geit.
Les merSamlar gode krefter
No arbeider Rogaland Sau og Geit med å spleisa gode krefter, som Veterinærinstituttet i Sandnes og Norsk landbruksrådgiving Rogaland saman med lokale veterinærar.
Målet er at sauebonden innan kort tid skal kunna venda seg til ei rettleiingsteneste og få dei råda han er ute etter. Bjørn Høyland, som representerer eit fylkeslag med 2000 medlemmar, har kjent på behovet lenge.
Han understrekar at sauebøndene sitt behov for spissa og samla rådgjeving, ikkje berre er knytt til Rogaland.
Gjeld heile landet
- Sauebønder over heile landet har behov for å optimalisere drifta si. Årsakene til at me ikkje har det same


































































































