Viserektor Sveinung Eikeland ved Universitet i Tromsø kjem med kritiske og interessante merknader til vår kronikk i Khrono. Slik vi les han, stiller han dels spørsmål til om våre analyser av regionale rekrutteringsmønster på Vestlandet også er dekkande for situasjonen i Finnmark og Troms, som han sjølv gjer greie for. Det enkle svaret er: Det veit vi ikkje. Etter det vi kjenner til har ingen andre høgare utdanningsinstitusjonar gjennomført slike omfattande analysar basert på registerdata, som høgskulane på Vestlandet og i Oslo og Akershus gav SPS i oppdrag ågjennomføre.
Det verkar likevel plausibelt at mønsteret er eit anna i Troms og Finnmark, ikkje berre fordi dei fysiske avstandane er heilt andre i desse fylka, eller at den gamle strukturen ikkje gjorde jobben sin i form av attraktivitet - som Eikeland framhevar. Når skilnaden mellom Nord-Noreg og resten av landet er så stor i andelen som tek høgare utdanning har det truleg også å gjere med situasjonen i vidaregåande skular. Fråfallet i vidaregåande opplæring i Finnmark har lege på 50 prosent, og det kan ein neppe laste Høgskulen i Finnmarkfor.
Både Eikeland og seinare også Hald, Aabø og Birkelund har i Khrono peika på positive utviklingstrekk i studenttal, auka kvalitet i utdanning og forsking etter fusjonane i 2009 og 2013. Det gjorde også Peter Arbo på konferansen vi arrangerte, og det er ikkje urimeleg å anta at dette kan tilskrivast trekk ved denne fusjonen og måten den har vore gje


































































































