AddToAny

- Ser ikkje fordelane

- Ser ikkje fordelane
Stadig fleire akademikarar er fagorganiserte. Men utanlandske forskarar vegrar seg.
Færre i Noreg fagorganiserer seg. Men akademia held stand, og i hovudorganisasjonane Unio og Akademikerne har medlemstalet gått opp. Likevel er det ikkje alle som ser poenget.

- Ein stor del av dei utanlandske tilsette ved fakultetet mitt er uorganiserte. Mange som kjem frå andre land, forstår ikkje at fagforeiningar kan vere noko for dei, seier Tomasz Wiktorski. Han er tillitsvald for Forskerforbundet ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger (UiS). Wiktorski kjem frå Polen, og då han flytta til Noreg, syntest han det var vanskeleg å forstå kvifor folk ved universitetet skulle organisere seg.

- I miljøa eg kjenner frå Polen og USA, er det ikkje vanleg at folk med høgare utdanning melder seg inn i ei fagforeining. Berre dei som ikkje har utdanning, er organiserte. Sett frå mitt perspektiv hadde fagforeiningane eit dårleg rykte, seier Wiktorski.

No har han budd i Noreg i ni år, og har fast jobb som førsteamanuensis ved UiS. Wiktorski er ein av få tillitsvalde ved UiS med utanlandsk bakgrunn.

- Men det tok fire-fem år før eg forstod kvifor eg burde vere organisert, seier han.

Ved fakultetet jobbar også Luis Evangelista, som kom til Noreg for halvtanna år sidan. Han har fast stilling som førsteamanuensis ved UiS.

- Eg kjem frå Portugal, og der er fagforeiningane svært politiske. Dei høyrer til venstresida, og majoriteten av medlemmene er knytte til kommunistpartiet, seier Evangelista.

Og det er ein grunn til at han ikkje har meldt seg inn i ei fagforeining:

- Eg ser ikkje fordelane med å vere organisert.



Stadig fleire medlemmer

Tal innhenta av Forskingsstiftelsen Fafo viser at organisasjonsgraden i Noreg generelt har gått litt ned frå 53 prosent i 2004 til 51,9 prosent i 2014. I offentleg sektor er 81 prosent av arbeidstakarane organiserte, medan berre 34 prosent i privat sektor er organiserte. Organisasjonsgraden aukar med utdanningsnivå, og i akademikaryrke og høgskuleyrke var heile 85 prosent av arbeidstakarane organiserte i 2014.

- Dette er eit veldig høgt tal. Organisasjonane får stadig fleire medlemmer, fordi det blir fleire tilsette i gruppene som soknar til Akademikerne og Unio. Stadig fleire har høgare utdanning, og mange av dei hamnar i offentleg sektor. Då er sjansen stor for at dei blir organiserte, seier forskar Kristine Nergaard i Fafo.

- Tala viser også at mellombels tilsette i mindre grad er organiserte enn fast tilsette. Men gjeld dette også i akademia?

- Ja, det gjeld nok også der, men aller mest i privat og kommunal sektor. Vi har ikkje sett spesielt på akademia, der det er andre typar av mellombelse tilsettingar enn elles i arbeidslivet, seier ho.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt