Khrono
06.12.2019
Kunnskapsdepartementet skal avgjera om Høgskulen i Volda hadde rett til å omplassera dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
I byrjinga av august valte leiinga ved Høgskulen i Volda å gjera ei såkalla mellombels omplasering av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Bakgrunnen er ei arbeidsmiljøsak ved Avdeling for mediefag, der Rotevatn er dekan. Rotevatn klaga på avgjerdsla.
Les merNo er saka på veg til Kunnskapsdepartementet for andre gong, etter at styret ved høgskulen handsama henne for andre gong denne veka.
- Styret stadfesta vedtaket frå førre møte. Klagen vert no sendt vidare til Kunnskapsdepartementet.
Det skriv rektor Johann Roppen i ein sms til Khrono.
Fekk støtte frå departementet
Rotevatn klaga først til departementet etter at høgskulestyret ikkje fekk saka til handsaming. Ho fekk støtte i at saka skulle opp i styret, og ho skulle få koma til orde. Dette skjedd