AddToAny

SANSELEG AVKOBLING

SANSELEG AVKOBLING

Korleis er det å ferdas i naturen med ein sans mindre? Blinde Hege Finnset Eidseter og døve Sissel Gjøen opplever begge naturen som sin fristad.

Mange trur nok at alle blinde skulle ønske dei kunne sjå. Men eg saknar ikkje synet. Eg synest at eg ser bra som det er, seier Hege Finnset Eidseter (42).

Vi møter henne heime på Lambertseter i Oslo og slår følgje inn i skogen like ovanfor. Her går ho på tur rett som det er, med førarhunden Ibra som trufast følgjesven.

- Okei, det er mykje som er upraktisk når ein er blind. Viss eg skal ta T-bana og det ikkje blir ropt opp kva bane det er, for eksempel, då hamnar eg lett feil. Men det er dårleg tilrettelegging som tar energien min, ikkje sjølve synshemminga.



FRIDOM PÅ FJELLET Hege vaks opp ved Molde i Romsdal. Om sommaren brukte familien å reise til ei jakthytte på fjellet. Hytta var pitte lita, men stor nok til å romme eit oppvekstparadis for vesle Hege, som var fødd for tidleg og hadde mangla syn heilt sidan fødselen.

Når du spør henne kva ho hugsar, trillar minna ut av henne: Det var lukta av innestengt, av ei hytte som stod nedsnødd heilt til sommaren kom. Av propan, kaffi og steikt egg, røyk frå omnen, blaute ullklede. Ho minnast også lukta av varm, klissete kvae når sola varma opp vindaugskarmen.

Og utanfor døra, der var fridomen. - Eg fekk lov til å herje rundt på eiga hand. Eg klatra på steinar og kjende på berga, fjellet, reinlaven, mosen ... eg hugsar kor mjukt det var, sjølv om det var fjell, fortel ho.

Ofte var ho i ein gummibåt nokre meter nedanfor hytta. Der sat ho, sju-åtte år gammal, og lærte seg å ro, saman med hunden sin. Båten var festa med eit lite tau. Ho kunne høyre dei andre romstere inne i hytta og kjende sola varme henne i ansiktet - eller kanskje var det åtte grader og regn. Ho lytta til lyden av sauebjeller og fjellfuglar, smakte på tørr vestlandslefse, og innimellom kjende ho eksplosjonen i munnen når ho t

Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

Hvordan bedrer vi situasjonen for villreinen, uten å stenge folk og friluftsliv ute fra naturen vi ønsker å ta vare på? Dette er noe vi i DNT har jobbet med i lang tid.
Fjell og Vidde 20.04.2026
Iår er det 150 år siden William Cecil Slingsby triumferende kunne feire førstebestigningen av ikoniske Store Skagastølstind (2403 moh.) i Hurrungane.
Fjell og Vidde 20.04.2026
Fjell og Vidde 20.04.2026
– Jeg sammenligner det med en skitur, sier Jannicke Mikkelsen. – En skitur med pulk. Astronauten sitter et par meter bortenfor Framskipet, inne på Fram-museet i Oslo.
Fjell og Vidde 20.04.2026
DNT har i flere år feiret FjellPride på Sota Sæter. Etter en kort pause er det som har blitt en kjær markering av mangfold og likeverdig kjærlighet tilbake!
Fjell og Vidde 20.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt