Norsk Landbruk
13.06.2019
Som mjølkeprodusent bruker Arnfinn Horpestad tilvekstkurva i Kukontrollen til å styre produksjonen. Som ammekuprodusent etterlyser han det same tilbodet i Storfekjøttkontrollen.
Å få data frå storfevekta rett inn i Storfekjøttkontrollen, og få vekta illustrert grafisk i forhold til ei ønska tilvekstkurve. Det er ønskjet til Arnfinn Horpestad.
Jærbonden har ammekuproduksjon med 50 kalvingar i året og mjølkeproduksjon med ein kvote på 400 tonn. I begge produksjonane fôrar han fram alle oksane.
- Eg ønskjer meg det same systemet i Storfekjøttkontrollen som det eg har i Kukontrollen, seier Horpestad.
Når jærbonden registrerer vekta til NRF-kviger og oksar i Ku