Fagbladet
06.04.2018
Om det blir streik får du ikkje løn. Du får derimot pengestøtte frå streikekassa i forbundet ditt. Sjå kva du får her. Frå søndag kan det bli storstreik i privat sektor - om ikkje LO, YS og NHO kjem fram til ei løysing i lønsoppgjeret.
Medlemmer som er teke ut i streik får ei skattefri støtte frå streikekassa til forbundet.
Les merLO og NHO er no i sluttspurten der dei diskuterer tre vanskelege tema:
* At fleire skal få Avtalefesta pensjon (AFP)
* Dekning av reise, kost og losji i industrien
* At fleire skal få obligatorisk tenestepensjon, og at denne pensjonen skal gi høgare utbetaling.
Fristen er midnatt natt til søndag. Men meklinga kan fortsette utover søndagen, viss partane trur det er mogleg å bli einige.
FriFagbevegelse.no har laga ein oversikt over beløpa du får frå dei ulike forbunda. Nokre av forbunda oppgir beløp for veker, nokre for dagar og ulike stillingsprosentar.
Dette er streikebidraget
Er du medlem i Norsk Arbeidsmandsforbund, får du 4647 kroner


































































































