Magasinet for fagorganiserte
16.02.2017
Ruth Berntsen har trossa alle odds. Den døve 72-åringen er framleis i fullt arbeid som sveisar!
STORD: Det er ei spretten sveiserinne som tek i mot oss på arbeidsplassen sin, Apply Leirvik si avdeling på Seglneset. Som ei småjente svinsar ho rundt og ser ikkje ut til å kjenne noko til alderen. Med unntak av ei vond skulder som sjukmelde ho eitt heilt år for 11 år sidan, så har ho vore frisk som ein fisk, og har stått på i arbeid og fritid.
Fagrørsla vart ikkje heilt i hundre då regjeringa utvida aldersgrensa til 72 år, men det var Ruth Berntsen. For då kunne ho halde fram i sveisarjobben ho likar så godt eit par år til. Men no er det snart slutt. Ho reknar med å gå av med pensjon til sumaren, samtidig som mannen hennar går av. Han er òg født døv og er framleis i arbeid på lager etter eit langt arbeidsliv i byggebransen. Han er no 76 år gamal. Dei har planane klare, men
Les opprinnelig artikkelFagrørsla vart ikkje heilt i hundre då regjeringa utvida aldersgrensa til 72 år, men det var Ruth Berntsen. For då kunne ho halde fram i sveisarjobben ho likar så godt eit par år til. Men no er det snart slutt. Ho reknar med å gå av med pensjon til sumaren, samtidig som mannen hennar går av. Han er òg født døv og er framleis i arbeid på lager etter eit langt arbeidsliv i byggebransen. Han er no 76 år gamal. Dei har planane klare, men


































































































