Khrono
23.09.2019
Universitetet i Stavanger oppfyller ikkje kravet i mållova om 25 prosent nynorsk. Rektor er ikkje nøgd og meiner det må strukturelle grep til for å auke nynorskdelen.
Nynorsk er ein av fleire saker den nytilsette rektoren ved Universitetet i Stavanger (UiS) vil ta tak i.
Les merPå tysdag skal universitetsstyret samlast for første gong i haust og ei av sakene dei skal ta stilling til er rektor Klaus Mohn sine tiltak for å auke nynorskdelen i skriva frå universitetet.
Han ber styret ta stilling til forslaget til nye språkpolitiske retningslinjer ved UiS og føringar for å auke nynorskandelen I tillegg ber rektor styret om fullmakt til å sette saman eit rådgjevande organ i språkspørsmål og gje dette organet eit mandat. Dette kjem fram av sakspapira.
- Eg stiller meg heilhjerta bak forslaget, seier Mohn til Khrono.
Eg er nynorskbrukar sjølv og dette er ikkje likegyldig for

































































































