Vi er mange som er opptekne av tiltak for å styrke rekrutteringa til lærarutdanningane. Når det gjeld arbeidet for å sikre faglærarar i praktiske og estetiske fag i Noreg, har vi eit godt tilgjengeleg verktøy. Slik Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning er formulert i dag, blir ein sentral del av opptaksgrunnlaget for praktiske og estetiske fag fjerna i 2025. Dette kan vi endre på.
Ein viktig veg til utdanning av lærarar i praktiske og estetiske fag er fagutdanning på bachelornivå med PPU til slutt. Ifølgje statistikk for høgare utdanning vart 2636 kandidatar utdanna på denne måten i perioden 2020-2022. I dag får kandidatar med fagutdanning på bachelornivå opptak til PPU på to ulike måtar. Anten med grunnlag i ei bachelorgrad med fordjuping i eit utøvande eller skapande kunstfag frå til dømes Norges musikkhøgskole eller Kunsthøgskolen i Osl


































































































