Det som stod klart for oss var at vi kunne få oss arbeid og utdanning. Og vi fekk jobb. Eit relativt sterkt regionalt utdanningstilbod - frå landbruksskular, lærarskular og landsgymnas som kom som perler på ei snor frå seint 1800-tal, via ulike fag- og yrkesskular, til utbygging av distriktshøgskular i 1970-åra - har vore avgjerande for mange livsløp. Og truleg har denne geografiske og sosiale mobiliteten vore ei medverkande årsak til at vi tradisjonelt har hatt relativt stor grad av samforstand på tvers av sosiale lag og geografiske og politiske avstandar i Norge. Eit godt regionalt utdanningstilbod er slik sett vel verd å forsvare, og har betydning langt utover at det er med og sikrar arbeidskraftbehov i distrikt og regionar.
Samtidig har vi dei siste tiåra stått ovanfor nye utfordringar og moglegheiter som liknar på dei vi tidlegare har hatt i utforminga av utd


































































































