Khrono
12.07.2023
- Naturleg å sjå på verkemidla på heile internasjonaliseringsfeltet, seier statssekretær etter at utlysing av 175 millionar kroner er lagt på is.
Forskings- og høgare utdanningsminister, Ola Borten Moe (Sp), nøyer seg ikkje med å innføre studieavgift for studentar utanfrå EU.
Les mer- No som vi mellom anna har innført studieavgift for heilgradsstudentar frå tredjeland, er det også naturleg å sjå på verkemidla på internasjonaliseringsfeltet, seier statssekretæren hans, Oddmund Løkensgard Hoel, til Khrono.
Han legg til at dei no gjer «ulike grep for å styrkje sektoren» og at dei er «opptekne av ein god heilskap og samanheng i tiltaka for internasjonalisering».
Brev om avlysing
Utan dialog eller forvarsel fekk Universitet og høgskular rett før ferien brev om at Partnarskapsprogram for globalt samarbeid (Norpart) blir sett på vent.
Då hadde mange alt lagt


































































































