Det sa Jan Fridthjof Bernt i samband med 80-årsdagen sin 6. juli.
Vidare sa Bernt at styresmaktene skubbar frå seg ansvaret for vanskelege val.
- Det er ansvarslaust, både forskingspolitisk og utdanningspolitisk, å sjå universitet og høgskular som verksemder i ein verksemdsøkonomisk konkurransemarknad, sa Bernt.
Politikarane Khrono har snakka med etter at intervjuet med Bernt vart publisert, er samstemde i to ting: Professoren kjem med interessante standpunkt, men det er likevel eit «men» her.
- Med ein gong ein vil at politikarane skal seia noko om kva utdanning ein skal ha kor, vil det verta ein debatt om lokalisering. Og sjølv om det er politikarane på Stortinget som skal ha noko å seia, vil det fort verta ei lokalpolitisk sak uansett. Bystyrepolitikarane i Bergen vil til dømes sjølvsagt vera interesserte i å ha utdanning i e


































































































