AddToAny

Psykologiske tema i palliasjon

Kjernen i palliasjonssamtalen er å hjelpe pasientar med faktisk å leve til livets slutt.
Pasientar som veit at dei kjem til å døy av sin sjukdom, lever verkeleg under bergfallet, slik Olav H. Hauge skildrar det. Ei rivande medisinsk utvikling gjev stadig fleire pasientar som lever med uhelbredeleg sjukdom i palliative forløp (Kaasa & Loge, 2016). Forventa levetid kan vere høgst usikker, alt frå veker til år. Ein kvardag med livstruande sjukdom kan gje psykiske plager og liding.
Psykologar har tidlegare ikkje hatt nokon sjølvskriven posisjon innanfor palliasjon. Dette er i endring. I NOU 17: 16 blir psykologen si rolle i det tverrfaglege teamet understreka (NOU 2017: 16, s. 109). Sjølv om psykiatrar, sosionomar, sjukehusprestar, legar og sjukepleiarar kan ha overlappande funksjonar, har psykologar ein unik kompetanse som både pasientar og kollegaer etterspør. Eit velfungerande tverrfageleg samarbeid mellom dei ulike faggruppene er heilt nødvendig for å kunne gje god behandling.
Ei biopsykososial forståing av pasienten sine symptom er grunnleggande i palliasjon. I denne artikkelen vil me legge hovudvekta på typiske psykologiske utfordringar og mindre på meistring av fysiske symptom. Me vil likevel understreke at psykologisk arbeid med smerter, pustevanskar, kvalme og andre kroppslege plager også er svært relevant (Berge et al., 2019). Den eksistensielle dimensjonen er nødvendig å ha med seg i alt palliativt arbeid, og er omfatta av den biopsykososiale modellen (Danbolt & Stålsett, 2022).
Me vil vise tre moglege innfallsvinklar til psykologisk liding hos pasienten: den kognitive, den emosjonelle og den relasjonelle. Som regel er desse tre tett vove saman og påverkar kvarandre. Pasientane som her vil dele sine erfaringar for å belyse desse tre hovudtema, er reelle og anonymiserte.
Pasientar med uhelbredeleg sjukdom kan kjenne på frykt, tungsinn, meiningsløyse og håplausheit. Nokre gonger kan også me behandlarar sitje att med desse følelsane. Målet med denne artikkelen er derfor å vise nokre problemstillingar og konkrete arbeidsmetodar som kan gje vitalitet og refleksjonsrom til alle som brukar samtalen som verktøy i møte med alvorleg somatisk sjukdom.

KOGNITIVE TEMA
Ryddearbeid med angst
Sindre (39) veit han har kort tid igjen å leve, og kjenner på angst og uro. Han kan ligge og gruble i timevis før han skal sove, og verken beroligande medikasjon eller sovetablettar hjelper ordentleg - følelsen av kaos og frykt er tilbake i den augneblinken han vaknar.
Me anerkjenner saman at mykje er usikkert og bekymringsfullt i ein slik livssituasjon. Samtidig kjennest alt verre når det er kaotisk. Derfor går me i gang med eit ryddearbeid for å starte ein stad. Sindre lagar ei visuell bokhylle med namnelappar på dei ulike hyllene: Livet etter døden, Bekymring for barnet mitt, Frykt for å bli gløymd, Angst for smerte. Me er einige om at me verken klarar å fikse eller fjerne hyllene ved eit trylleslag, men at oversikt kan vere nyttig.
Særleg blir utforsking av hylla med spørsmål rundt livet etter døden viktig. Sindre er ikkje religiøs, men no treng han å tru på noko anna enn at alt blir svart. Etter eit par timar med open utforsking av kva som kjennest rett for han, bestemmer han seg: I dette spørsmålet som ingen veit svaret på, kan han like godt velje å tru på noko som kjennest godt. Han lagar seg eit mentalt bilde av ein vakker, trygg stad som me øver på å visualisere.
Innsovninga går etter kvart raskare, og Sindre blir svært god til å sende tankane til si rette hylle når dei kjem på upassande tidspunkt. Han kjem sjølv med ideen om å opprette ei hylle for takksame tankar, fordi: «Det er jo greitt å vete kvar eg har dei også!»
Angst blir gjerne definert som ein irrasjonell eller overdriven fryktreaksjon. Når ein er redd for tronge rom eller edderkoppar, kan me sjekke kor sannsynlege automatiske tankar er, og sette spørsmålsteikn ved katastrofetankar. Men i samtale med palliative pasientar kan katastrofespørsmålet kjennast malplassert når dødsangsten har så gode grunnar.
Det er likevel mange metodar basert på kognitiv atferdsterapi som kan vere til nytte (Fjerstad & Berge, 2022). Mange opplever at frykt får ta unødvendig stor plass. Det å utforske, bli eksponert for, og dermed få litt meir avstand til det ein er aller reddast for, sjølv ein rasjonell frykt for døden, har ein sterk tryggheitsskapande effekt. Å vurdere tankar sin nytteverdi, uavhengig av om dei er sannsynlege, er hjelpsamt.
Arbeid med «Diamanten» (Greenberger & Padesky, 1995) er konstruktivt for mange. Kroppslege symptom, som tung pust og smerter, kan føre til tankar om at ein har blitt udugeleg, som igjen k
Gå til mediet

Flere saker fra Tidsskrift for norsk psykologforening

Via ditt medlemskap i Psykologforeningen får du tre timer gratis privatjuridisk bistand samt ubegrenset telefonbistand til generelle spørsmål - en slags privat juridisk førstehjelp!
Skard tar oppgaven med å beskrive mine motiv og meninger, for deretter å fremme motargument. Jeg kjenner meg ikke igjen i hans fremstilling av mine motiv og meninger.
Valgkampen i 2025 gir ekko av valgkampen i 2019, men kun et fåtall husker denne. Et tilbakeblikk er nødvendig for å forstå konfliktlinjene i dagens valgkamp.
Det skal forhandles lønn for alle kommunalt ansatte psykologer innen 1. oktober. Du må finne ut hvordan dette skal foregå, og hvordan du vil bli ivaretatt - hvem skal forhandle for deg?
Hva en lidelse kalles kan ha stor betydning og øke tilfriskningstroen hos den det gjelder.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt