Ein time etterpå svarer Gisle Selnes, professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, og ein av dei som har ytra seg kritisk om boka «Politivoldsaken - Norges største forskningsskandale»:
«Går sterkt utifra at dette ikke er en seriøs forespørsel, men sant å si føler jeg meg ikke helt sikker. Creepy».
Molven forsikrar deretter om at det er seriøst meint, at han har strevd lenge for å få kritikarar til å stille til samtale, men alle har takka nei. «Kan du stille, Gisle?» spør han.
«Nei, selvsagt ikke», svare Selnes.
Det går i ein harsk, nedlatande tone, med likes og tilrop og klare dommar frå folk som ikkje har lese boka Frode Molven Sjefredaktør
Dette har fått Molven til å reagere.
- Pseudoffentleg
- Dersom akademikarar som blir betalt for å forske og diskutere berre skal bidra i pseudo-offentlege rom på Facebook og delvis i private trådar, blir eg bekymra. Det er illevarslande for universitetsbyen Bergen, seier Molven.
I boka om politivaldsaka i Bergen hevdar forfattarane å ha avdekt «Norges største forskningskandale», ein svindel frå den avdøde UiB-professoren Edvard Vogt og Gunnar Nordhus si side. Ifølgje forfattarane inneheld forskinga deira svært alvorlege feil og manglar, og dei hevdar også at den juridiske eliten i Noreg, med Anders Bratholm i spissen, vart lurt då dei granska materialet i 1982.
Selnes er ikkje den einaste Molven har prøvd å få til å stille opp i ein debatt på Bergen offentlege bibliotek, som skulle styrast av ein nøytral ordstyrar og med lik taletid til dei ulike sidene i diskusjonen. Fire andre profilerte akademikarar i Bergen, som har ytra seg kritisk om boka, har takka nei til å stille til debatten.
«Det som står i boken kan ikke beskrives som noe annet enn løgn», skreiv Hans Fredrik Marthinussen i ein tråd på Facebook. Han er professor ved Det juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.
Men då han vart invitert til debattmøtet om boka, svarte han dette:
«Revansjebok, full av feil»
«Dette er kanalen du vil jeg skal bruke en ettermiddag på... En bitteliten debatt på biblioteket der det dukker opp støttespillere av boken på et PR-arrangement. Det er helt useriøst.»
Professor i medievitenskap, Jostein Gripsrud, slutta seg til utsegna frå Marthinussen om løgn. Gripsrud takka nei til debatten av helsemessige årsaker. Det finn Molven forståeleg. Samstundes krinsar mykje av kritikken mot boka rundt Gripsrud og hans Facebook-vegg, særleg etter at han forfatta eit meir enn 66 000 teikn langt innlegg, som n