frilansjournalist En artikkel fra De nasjonale forskningsetiske komiteene
Folk er subjektive vesen som juksar, slurvar og gjer feil. For at noko skal vere vitskap, må objektiviteten sikrast. Andre må ha mogelegheit til å gå arbeidet etter i saumane. Det blir kalla etterprøving.
Når dokumentasjonen av forskingsprosessen er god og tilgjengeleg, blir det mogeleg for uavhengige forskarar å gjere heile eller delar av arbeidet om att - for å sjå om resultatet blir nokolunde det same. Debatten rundt temaet har flamma opp den siste tida.
På fleire fagfelt har til dels oppsiktsvekkande mange forskingsfunn ikkje vore mogelege å reprodusere. Dette har ført til spørsmål kring verdien av dei originale funna - og enkelte har trekt heile fagfelt i tvil.
Praktisk vanskeleg
- Akkumulering av forsking som det er vanskeleg å etterprøve, kan føre til at forskinga går i ring heller enn framover, seier bioinformatikar Geir Kjetil Sandve. (Foto: Elin Fugelsnes)
Geir Kjetil Sandve forskar på biomedisinsk informatikk ved Universitetet i Oslo (UiO) og veit kor praktisk vanskeleg etterprøvinga kan vere. Fleire gonger har han og mastergradsstudentane han rettleier prøvd seg på reproduksjon.
- Ved å få tak i data frå originalarbeid og gjere utrekningar og analysar på nytt, kan ein setje seg effektivt inn i eit felt, forklarer Sandve.
Bioinformatikk handlar dessutan mykje om å utvikle metodar. Det kan vere interessant å prøve desse på arbeidet til andre og samanlikne resultata. Problemet er at det nesten aldri fungerer.
- Det har ikkje vore nok detaljar i artiklane - sjølv frå tidsskrift som Nature. Då har vi kontakta forfattarane, men utan å få g


































































































