Lettare å ta risikoen
Larsen jobbar strategisk med den kommunalt eigde tomta på Grønneviken sentralt i Bergen. Føremålet med prosjektet er å utforska korleis delebustader og nye buformer kan sjå ut i Bergen, og korleis kommunen kan bli en større pådrivar for utvikling av nye bustadtypar.
Me må overtyda arkitektstanden og utbyggjarar om at det er ein marknad der ute. Då blir det lettare å ta den risikoen det er å ikkje vita om ein får selt bustadene. Nå kan me trygga marknaden på det er noko her, seier Larsen.
Viser mange sider
Workshopen Larsen snakkar om blei arrangert i haust, som del av ein designsprint. Målgruppa, arkitektar og utbyggjarar tenkte høgt saman om tema som tre arkitektkontor jobba vidare med. Torsdag kun


































































































