Khrono
18.08.2021
- Vår hovudregel er at vi som høgskule skal innhente alle praksisplassar, og at det ikkje er høve for studenten sjølv å gjere dette, skriv prorektor ved Høgskulen på Vestlandet.
PRAKSIS| Høgskulen på Vestlandet er gjennom oppslag i media den siste tida utfordra på tildeling av praksisplassar til studentane våre. Kort fortalt er saka at ein student ved ein av våre profesjonsstudiar har skaffa seg praksisplass sjølv i ein kommune. Avslaget vi ga på dette har vekt reaksjonar både hos studenten, kommunen ved ordførar og forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Vi har forståing for at regelverk kan opplevast strengt og lite smidig. Vi må heile vegen vurdere kriteria våre for praksistildeling for å sjå kva som fungerer og ikkje, og kva slags endringar og tilpasningar som kan vera føremålstenlege. NOKUT-rapporten om ««Rettstilstanden for praksis i høyere utdanning, Del av prosjektet Operasjon praksis 2018-2020» tek opp dette.
Les merMen det er altså ikkje slik at Høgskulen på Vestlandet ikkje er til for heile Vestlandet sitt praksisfelt og arbeidsliv. Tvert i