Utdanning
10.02.2017
Ein milliardbutikk i Paris, med røter og rasjonale henta frå amerikansk IQ-testing, ligg som ei sperre mot arbeidet for eit vellukka reknefag i skulen
Endeleg har Norge kome litt høgare opp i den internasjonale konkurransen i matematikk, elevtesten PISA. Det blir gevinstar å henta for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og partiet hans, Høgre. Men professor emeritus Svein Sjøberg er ein sta PISA-tvilar. Tvilen hans minner meg om ord frå det såkalla Gymnasutvalet på 1960-talet. Dei skreiv det slik: «Elevane blir spesialistar på reaksjonar som er særleg innøvde for eksamenssituasjonen. Kva generell verdi desse reaksjonane har, veit vi lite om». Men kritikarane når ikkje fram. Ikkje hos oss, og heller ikkje i Tyskland, der den politiske leiarskapen, med ministeren i spissen, har bunde seg til den store PISA-masta. Der har dei lova å føra Tyskland oppover på PISA-stigen. Då blir det umuleg på same tid å slutta seg til den utbreidde kritikken av denne overnasjonale, felles høgdemålaren.
Den politiske skuleleiinga hos oss har lagt seg på same lina. Nå har leiinga fått teften av framgang. PISA blir nok urikkande hos oss i lang tid. PISA er milliardbutikk, ein av dei mest ruvande i heile OECD. Det trengst også pengar langs heile den lange vegen ut til dei mange skulane i dei mange landa. Mange kan få si eiga vesle grein å sitja på. Den sagar dei ikkje på i utide. Sjøberg blir ein slags «varslar» i alt dette, ein med små sjansar til å bli høyrd, han som så mange andre.
Kva er det så det blir bråka om? Gjeld det ikkje over alt i verda at 2+2=4? Er ikkje matematikken over alt den same? At det hei
Gå til medietDen politiske skuleleiinga hos oss har lagt seg på same lina. Nå har leiinga fått teften av framgang. PISA blir nok urikkande hos oss i lang tid. PISA er milliardbutikk, ein av dei mest ruvande i heile OECD. Det trengst også pengar langs heile den lange vegen ut til dei mange skulane i dei mange landa. Mange kan få si eiga vesle grein å sitja på. Den sagar dei ikkje på i utide. Sjøberg blir ein slags «varslar» i alt dette, ein med små sjansar til å bli høyrd, han som så mange andre.
Kva er det så det blir bråka om? Gjeld det ikkje over alt i verda at 2+2=4? Er ikkje matematikken over alt den same? At det hei


































































































