Regjeringa får tilslutnad til svært mykje i framlegget, viser stikkprøver blant høyringssvara som Utdanning har tatt. Men kritikken av plasseringa av det faglege ansvaret er likevel tydeleg. I utkastet får barnehageeigar for mykje ansvar og pedagogane for lite, meiner kritikarane.
Nei til regelstyring
Aksjonsgruppa for barnehageopprøret 2016 er blant desse kritikarane. Dei uttrykte svært skarp kritikk mot stortingsmeldinga Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, som vart lagt fram før framlegget om ny rammeplan. Høringsutkastet er ikke tydelig nok på hvor metodeansvaret og ansvaret for både de daglige og de overordnede etiske og faglige vurderingene skal ligge, heiter det i høyringssvaret frå dei.
Å styre profesjonen gjennom regler innebærer å redusere metodefriheten til det pedagogisk


































































































