Det er god grunn til å glede seg over den nye lærarutdanninga forgrunnskulen.
Den blir eitt år lengre. Det gir rom for utvida skulepraksis, med alt det betyr, til dømes for betre erfaringsgrunnlag og utvikling av relasjonskompetanse. Eit ekstra år gir også rom for fagleg fordjuping på masternivå - i pedagogikk så vel som matematikk og norsk, engelsk og andre skulefag. Ved NTNU kan studentane faktisk velje å ta master i alle dei faga som inngår i lærarutdanninga for grunnskulen. På sikt borgar det for fagleg kvalitet i lærarkollegium med brei samlaspisskompetanse.
Framtidas lærarar vil komme ut i den norske grunnskulen med 60-150 studiepoeng i pedagogikk. Det obligatoriske omfanget er uendra frå 2010-reformen, altså 60 studiepoeng for alle studentar. I dei to siste studieåra av den femårige utdannin


































































































